søndag 21. november 2010



Smykke design av elev vg 1 Design og handverk

Materiale av Gummi (bilfelgar)

Eg tenkte at katalogen min kunne vere ein material inspirasjon i skulen, der økonomien til tider er skral. Mykje som kan brukast om igjenn og då er vi vel også inne på redesign også. Har brukt kjende norske smykkekunstnarar som inspirasjon og tenkt at elevane må arbeide med prosessar, der utprøving av materialer er vesentlig. Inspirert av Stig og Stein ... leke..lete..oppdage...tørre...dele...osv.

3 kommentarer:

  1. Ååå.. smykker, det var en god ide! Har alltid ønsket å lage smykker, sikkert mange elever også. Passer både til gutter og jenter. Spennende å tenke på andre materialer, skape nytt liv til gamle ting. :)

    SvarSlett
  2. Inspirasjonsherbariet ditt var fint fordi du hadde tatt med bilete av utprøvingr i ulike materiale. Alt frå potet til leidningar. Artig og inspirerande, Perdis. Dessutan gjer det seg å vise fram kva andre kunstnarar også har gjort.

    Stoloppgåva di var forresten kjempelekker:) God du!

    SvarSlett
  3. Kommentar til ”Eit smykke blir til” av Perdis

    Du vier størst plass til døme på smykkekunst, både av etablerte kunstnarar og variantar av ein meir utprøvande karakter. Som inspirasjonserbarium er dette eit fornuftig fokus, likevel er utsnitta av bileta svært avgrensa og ikkje supplert med heilbilete av modell og smykke som ville gjeve eit betre inntrykk av korleis kreasjonen tek seg ut.

    Kommentarane til smykkekunstnarane sine arbeid er interessante og skrivne på ein måte som vil fenge elevane. Her rettar du fokus mot den kunstnariske faktoren i designarbeid – at kunstnaren vil seie noko gjennom produktet, og det høyrer fint heime i den oppgåva skulen har i å auke kompetansen og medvitet hos elevane. Ein aktuell dugleik innan kunst og handverksfaget vil vere nettopp å tolke kunstprodukt som noko meir enn det reint visuelle og fysiske.

    Din omtale av designprosessen er også fomulert på elevane sine premissar. Her er akademiske definisjonar av designomgrepet sette om til lettfattelege læresetningar som behandlar fleire essensar av designverksemd. Likevel ser eg at punkta kunne vore ytterlegare korta ned: punkt tre meiner eg berre er ei oppsummering av det innleiande punktet. Dei tre siste punkta er alle også beslekta på eit vis og kunne kan hende vore samla til eitt som tar opp i seg aspekta rundt nyskaping og inspirasjon / tradisjon.

    Når elevar får ein oppgåve har dei sjeldan tolmod eller interesse av å dvele ved ein inngåande inspirasjonsfase, med lengre omtalar av kva for designarbeid som har gått føre seg på det aktuelle feltet, verken nasjonalt, lokalt eller internasjonalt. Det gjeld å ”treffe” dei, med effektive midlar som bilete, døme på utprøvingar / idemyldring og små tekstparti med ein eller anna ”snert” (humor, assosiasjonar / tilknytning til deira kvardag el.a.). Her synest eg du har lukkast, sjølv om det truleg vil vere ei utfordring å få våre unge håpefulle til å ha utbytte av å tre potetskiver på ein streng – her ville dei unekteleg måtte ta i materialet, nemleg…

    I høve til dei momenta Thorstein utfordra oss på i leksjonen har arbeidet ditt nokre manglar, slik eg ser det. Smykkedøma dine teiknar ikkje noko historisk designriss og det tverrfaglege aspektet, med forankring i nokre hovudmål i dei ulike fagplanane finn eg lite av i inspirasjonsherbariet ditt.


    Geir Nilsen 30. november 2010

    SvarSlett