tirsdag 29. september 2009


Leksjon 1 - Arbeidskrav 1
Visuelle verkemiddel og visuell bodskap

Det står ei flaske Jif i lag med eit eple på ei kasse. Jiff flaska er kvit, kassa er svart og eplet er rødt. Jif flaska er plassert til høgre i biletet og eplet til venstre for den. Obejekta er plassert i sentrum av kassa og lyset kjem inn frå venstre biletkant.

Det er litt ubalanse i bildet då eplet og Jif flaska står litt på linje. Eplet kunne ha vore plassert litt i forkant av Jif flaska, då dette er med på å skape rom og djupne. Alle dei ulike gråtonane er også med på å skape rom i biletet. Det som skapar rørsle i biletet er lys og skuggevirkningane. Skuggen får obejekta til å ”ligge” på underlaget.
Kontrastane ligg i lys og skuggevirkningane og i størrelsesforhold.

Proporsjonane i objekta er ikkje gode då biletet er litt todelt, kassa blir for stor og dominerande i forkant av av biletet. Jif flaska kunne til fordel ha vist toppen på grunn av rommet som oppstår i nederste biletkant. Valet med plassering for å få eit utsnitt, var bevisst.

Som redskap har eg valt å bruke maling på flaska. Den gulaktige fargen gir ein meir plastisk utsjånad og flaska får ei kald overflate. For å modellere Jif flaska er det brukt kol. Konturane rundt bokstavane er markert med tusj. Kol og blyant er brukt for å få fram det organiske eplet.
Det er også enklare og gjengi volum, lys og skugge men bruk av kol.
For å få fram alle gråtonane i biletet er det brukt maling.
Sjangeren som dominerer i biletet er klassisk, men flaska er forenkla/stilisert