søndag 21. november 2010



Smykke design av elev vg 1 Design og handverk

Materiale av Gummi (bilfelgar)

Eg tenkte at katalogen min kunne vere ein material inspirasjon i skulen, der økonomien til tider er skral. Mykje som kan brukast om igjenn og då er vi vel også inne på redesign også. Har brukt kjende norske smykkekunstnarar som inspirasjon og tenkt at elevane må arbeide med prosessar, der utprøving av materialer er vesentlig. Inspirert av Stig og Stein ... leke..lete..oppdage...tørre...dele...osv.



Paaske

Vigeland

Smykkedesign



Smykkedesign frå Mehus

Han har bruk ei eske valium

Både overraskande

og tankevekkande

mandag 15. november 2010

Refleksjonsnotat Redesign

Eg stjeler dette sitatet fra bloggen til Gunnhild. ” Før måtte man ta vare på tingene for å overleve, i dag må vi kaste for å overleve”. Mykje sant i det sitatet.
Fordi redesign gir oss muligheiter for å prøve å feile, ser eg så absolutt mange måtar å tilnærme seg dette emnet i skulen. Og fordi vi aldri startar på null gir det oss muligheiter til å vidareføre noko i ei anna form, ein annan farge, ein annan kontekst og så vidare.
For at barn og unge skal få ”lyst” til å ta fatt i dette emnet trur eg det er viktig å inspirere. Motivasjon trur er det viktigaste stikkordet læraren kan gi seg tid til å reflektere over.
Å motivere eleven til oppgåver vi ynskjer han/ ho skal få lyst til å gjere, er vel det vi lærarar sit å pønskar ut, når vi lagar våre opplegg. Det å ”treffe” born og unge på deira ståstad, er ei utfordring.
Vi har fleir måtar å tilnærme oss emnet :
1. Vi kan gå inn for å bruke det vi veit om formgiving, der farge, form ,komposisjon og teknikk er det dominerane aspektet
2. Vi kan arbeide tverrfaglig, der miljøaspektet er det viktige
3. Og vi kan bygge på det vi veit frå før, av stil, historikk og tradisjon
Eg vil reflektere omkring plagget som eg omskapte på høgskulen i haustsamlinga.
Då vi fikk oppgåva i Redesign på samlinga i haust, vart eg inspirert av stoffet og fargen på klesplagget som eg valde med ut. Eg fikk lyst til å lage meg ”selekjole” av eit langt skjørt, som nok sikkert gjorde sin misjon på 70 – talet. Kan godt hugse at kordfløyel var eit noko så brukt og anvendelig stoff på den tida. Eg hugsar også at mange gikk i desse fotside skjørta som hadde ei ”klokkefasong”. Skjørta var smale oppe over midja og hoftene for så å ha ein stor volang nede. Her har vi GJENKJENNELIGHEIT. Noko som eg trur er viktig for den enkelte.

Skjørtet kunne eg ikkje bruke slik det var, ikkje passa det og ikkje var det ”moderne”. For å sette eit nymotens preg på skjørtet, ville eg endre fasongen frå ”lav midje” til ”høg midje”. Dermed gjekk skjørtet frå å være eit skjørt til å fungere som kjole, eller eit skjørt med høgt liv. Høge liv på bukser og skjørt ser vi er på full fart inn i motebildet, slik det også var på tidlig 80 –tal. Eg er opptatt av at vi skal redesigne for å bruke, ikkje redesign for redesign.

For å få markere at eg ønskte å gjere midja på skjørtet høg, fann eg eit kjøkken oppheng, (det kunne sjå ut som det var anvendt til å tallerkenar i).
Dette var sydd i eit syntetisk stoff, med mykje mønster på. Stoffet vart ein kontrast til fløyelen, som var mjukt å godt å ta i. Det syntetiske stoffet spretta eg opp og strauk på fliselin på baksida, eg sydde så på eit svart bomullsstoff for å gjere linningen både passe stiv og brei nok.

Skjørtet/kjolen manglar nå berre nokre trekte knappar i kordfløyel og nokre ”spreke” morrsame selar som skal danne ”prikken over i`en ”.
Eg har tru på at vi må anvende det ”brukte” til noko nytt og annleis. Funksjonen kan vere så mangt, det kan vere det visuelle eller det funksjonelle. Vi vil uansett alle og ein kvar finne vårt utrykk og like det eller misslike det. Ingen ting er galt eller rett, det er augo som ser og som oppfattar uttrykket. Nokon vil kjenne gjenstanden igjen, andre ikkje, det har å gjere med kultur, miljø, stil, ja ikkje minst konteksten det er satt inn i.

Eg tar med noko frå arbeidet som elevane mine held på med om dagen.
Bileta er frå ei plante som heiter Fallopia Japonica. Det er ei nokå stor plante. Stilkane er ledda og mange kan kanskje hugse at ein ”spytta” erter ut av slike rør. Ugraset døyr ve
d første frostnatt, men kjem igjen år etter år.
Fordi vi har begrensa med økonomi til å kjøpe inn blomster på skulen, brukte vi i haust mykje fallopia. Vi brukte fallopia både til å dekore stand på Yrkesmessa i Voldahallen i haust og til å dekorere torget i Molde under NM i Blomsterdekorering. Då var plantematerialet saftspent og friskt.
I forrige veke låg det igjenn mange lange og tørre brune fallopia på kjøla. Elevane skal lage produkt til julebutikk og fallopiaen fikk eit nytt uttrykk.
Elevane har no lært seg ein ny måte å anvende fallopiaen på, dei har lært seg ein ny teknikk og dei arbeider med å skape ei god form. Er dette Redesign ? Og kven er der redesign for ? Vist det er nytt for elevane er det vel redesign godt nok , el

Redesign











Hodeplagg I Tova Ull




mandag 1. november 2010

Toving i ull



Prøvelapp

Arbeidskrav 1 Toving i Ull


Toving av tøfler, med hjerte av tråd filta inni ! Disse har fått sin plass på hytta, og brukes flittig der :))

Smørekniv


Arbeidskrav 2 Material og verktøylære



Her er brødfjøla mi som blir flittig brukt. Forma den bå bandsaga som ein klippfisk. Den vart fila og pussa etter beste evne, og resultatet vart bra ! Den egner seg godt til å servere brød på til bacalaoen :)))