tirsdag 29. september 2009


Leksjon 1 - Arbeidskrav 1
Visuelle verkemiddel og visuell bodskap

Det står ei flaske Jif i lag med eit eple på ei kasse. Jiff flaska er kvit, kassa er svart og eplet er rødt. Jif flaska er plassert til høgre i biletet og eplet til venstre for den. Obejekta er plassert i sentrum av kassa og lyset kjem inn frå venstre biletkant.

Det er litt ubalanse i bildet då eplet og Jif flaska står litt på linje. Eplet kunne ha vore plassert litt i forkant av Jif flaska, då dette er med på å skape rom og djupne. Alle dei ulike gråtonane er også med på å skape rom i biletet. Det som skapar rørsle i biletet er lys og skuggevirkningane. Skuggen får obejekta til å ”ligge” på underlaget.
Kontrastane ligg i lys og skuggevirkningane og i størrelsesforhold.

Proporsjonane i objekta er ikkje gode då biletet er litt todelt, kassa blir for stor og dominerande i forkant av av biletet. Jif flaska kunne til fordel ha vist toppen på grunn av rommet som oppstår i nederste biletkant. Valet med plassering for å få eit utsnitt, var bevisst.

Som redskap har eg valt å bruke maling på flaska. Den gulaktige fargen gir ein meir plastisk utsjånad og flaska får ei kald overflate. For å modellere Jif flaska er det brukt kol. Konturane rundt bokstavane er markert med tusj. Kol og blyant er brukt for å få fram det organiske eplet.
Det er også enklare og gjengi volum, lys og skugge men bruk av kol.
For å få fram alle gråtonane i biletet er det brukt maling.
Sjangeren som dominerer i biletet er klassisk, men flaska er forenkla/stilisert

2 kommentarer:

  1. Spenstig, lett og leikande logotest! Manglar noko av tekstelement, men det kjem vel etterkvart!

    SvarSlett
  2. Hei igjen! Du må opne bloggen din for omverda, så alle får tilgang. Sjå meldinga om dette på lærarbloggen.

    SvarSlett